Bilder

» Vis alle     «Forrige «1 ... 3 4 5 6 7 8 9 10 11 ... 265» Neste»     » Lysbildefremvisning

Laster...

Dette biletet er teke i Minneapolis, Minnesota, den 17. mai. Det var Rannei Øye/Moe, som pynta karane til 17. mai-feiringa med sløyfer og nellik i knappholet. Rannei var kokk for desse karane da. Det var etter 17. mai i 1911 at Rannei reiste over til Amerika. Og ho og Peder Moe var tilbake i Surnadal før årsskiftet 1915/16. Sikkert er det og at John Holden var der mellom 1913 og 1918. Dette, saman med utvandringstid til dei andre gjer at vi trur biletet er teke mellom 1913 og 1915.

Etter litt sprikande opplysningar frå fleire bileteigarar, og sjekk mot andre bilete, har ein kome fram til at karane er desse:

Ståande frå venstre Ola Olson Holden frå Austerhalten, f. 1887, utvandra 1910, John Holden frå Ytre Halten/Ellevsetvollan, f. 1889, utvandra 1913, men kom att 1918, Ola J. Aasbø frå Sjøleet, f. 1891, utvandra 1911, Jon Aasbø frå Åsbøen, f. 1888, utvandra 1910, Kristoffer J. Nordvik frå Oppistua/Hagavoll, f. 1889, utvandra 1910. Sittande frå venstre Anders Gjerstad, Oppigard, f. 1886, utvandra 1910, Tore K. Gjerstad frå Holtan, f. 1884, utvandra 1908, heim att før 1919, Ole Knutson Østbø frå Ellevsetbakkan, f. 1864, utvandra 1905.

Bileteigar til det biletet som er bruka her er Leif Aalmo.



Amerikafolk.jpg

Nordvik-karer og Eisbygg (Eidet) i Amerika


Eier av original/KildeLeif Aalmo /Peder Mo jun.
FilnavnAmerikafolk.jpg
Filstørrelse280k
Dimensjoner1765 x 1379
Linket tilJohn Hallvards. Holden; Kristoffer Johans. Nordvik; John Johans. Åsbø; Ola Johns. Åsbø (Aasby); Ole Knuts. Østbø (Ellevseth); Tore Kristoffers. Gjerstad; Anders Ols. Gjerstad; Ole Ols. Holden
AlbumAmerikabilder

» Vis alle     «Forrige «1 ... 3 4 5 6 7 8 9 10 11 ... 265» Neste»     » Lysbildefremvisning