Historier

» Vis alle     «Forrige «1 ... 17 18 19 20 21 22 23 24 25 ... 35» Neste»     » Lysbildefremvisning

Mjølkespannkjøring på Nordvik og Todalen. Skrevet av Kristoffer Nordvik



Levering av mjølk frå Nordvik til Todalen Meieri starta i 1943. Ingebrigt Kvendset (Sandstad) hadde lastebil som han mellom anna nytta til denne transporten. Han overtala Harald Nordvik til å kjøpe lastebil og ta over mjølkekjøringa.

Harald kjøpte første bilen («Støggbilen») og starta karrieren som lastebileigar i 1947. Ola Polden fortel at bilen var utsliten to gonger før han kom til Nordvik. Det var ofte reparasjon av eit eller anna på bilen.

Mjølkeruta starta frå Åsbøen, og så innover Nordvik, Svinvik og Hjellnes. Todalshaugen vart også med på ruta etter kvart. Ruta vart kjørt annakvar dag.

Dei siste åra det var drift ved Todalen meieri, henta Harald også mjølka frå leverandørane i Todalen om sommaren. Dette fordi det var travelt med onnearbeid på gardane.

Etter at Todalen Meieri vart nedlagt ca.1963 vart mjølka kjørt til Surnadal Meieri på Skei. Harald fortsatte med kjøringa, men da med start på Ansneset kl. 08,00 og tok runden rundt i Todalen. Johan Hals kjørte skulebarna og mjølk frå Kårvatn med «støvbrettet» og korresponderte med Harald. På Hjellnes kjørte dei sjølv mjølkespanna ned til rampen nede ved Snøyå.

Spannstørrelsen var på 20 , 40 og 50 liter, så det var mange tunge løft frå mjølkerampen og oppi bilen. Og mykje hopping opp og ned frå lasteplanet. Mange tok retur frå meieriet. Det vart hengt på ein plastbrikke på spannet som skulle fyllast med returmjølk. Brikken var enten gule eller blå alt etter om det skulle fyllast sur eller søt returmjølk som vart nytta til kalv- eller grisefor. Tomspanna vart vaska og stima innvendig i ei maskin på meieriet.

Meieriet tok kvalitetskontroll på mjølka ca. to gonger i veka. Etter to dagar kom resultatet i form av «lortlappar», kvite, gule eller raude lappar som vart hekta på spanna.

På returen vart det og sendt med konsummjølk til utsalga. Brit Nordvik hadde utsalg på Nordvik fram til butikken vart flytta opp til vegen ved Elvetun. I Todalen hadde Samvirkelaget og L. Hals utsalg, og Ingeborg Talgø (Trudvang) hadde utsalg i Brusetmarka. I Todalen vart også handelsvarer frå Samvirkelaget sendt med mjølkebilen til husstander i øverbygda.

Mjølkebilen tok også med ullsekker til sortering på ullstajonen i Surnadal. Også spelkalvar vart transporterte i kassar til slakteriet. Mange nytta mjølkebilen for å reise til Skei ein snartur. Det hende at einaste ledig plass var bak på lasteplanet. Da hjelpte passasjeren til med å lempe spann, og fekk rabatt på reisa. Andre var framsynte og bestilte tur for å sikre plass i styrhuset.

Mange av bøndene møttest ved mjølkekrampen etter å ha kjørt fram spanna. Da var det prat med naboen og sjåføren om det var noko nytt. Ein kar meinte han hadde lite mjølk fortida for di ei svær ku skulle kalve snart, men da dei fekk sjå at kua det var snakk om var tydeleg «øksen» utbraut han «E ho øksen no!!»

Ein dag var ein rampe tom da mjølkebilen kom for å hente mjølka. Eg tenkte eg måtte vente ei stund på bonden. Om litt kom bonden kjørande med hest og slede med spanna, og eg lurte på om han hadde forsove seg? Men nei, han hadde vore nede til rampen før om morgonen for så å oppdage at spanna ikkje var med! Der i garden hadde dei nemleg grei arbeidsfordeling: Kjerringa lasta opp spanna, medan han sela på hesten. Denne dagen hadde kjerringa gløymt å sette på spanna på sleden forklarte han.

Ei dramatisk hending vart det ein dag Halvor Svinvik (Gjengsto) skulle reise med mjølkebilen til Todalen. Men Halvor vart litt for sein, så han sprang ned til Svinvik-rampen, der rakk han å kaste ryggsekken opp på lasteplanet og hengde seg på bakluka med det same bilen kjørte avgarde. Det vart nokre lange sjumilssteg innover kammane, men Halvor hang fast og håpa at bilen skulle stoppa ved Nausta. Men uheldigvis vart det ikkje stopp der denne dagen, da slepte Halvor taket og datt av. Stor var undringa da Harald stoppa oppe ved Snøya og fekk sjå ryggsekken hans Halvor på lasteplanet!

Ein vinterdag eg kom til Halabakken var det småglatt på vegen attmed rampen. Idar kom ut for ein prat, som han ofte gjorde. Eg klaga litt på at det var glatt og mangelfull strøing, men fekk klar beskjed om dette ikkje var noko problem, han skulle kjøre opp bilen sjølv….! Eg svara «vær så god!». Så hoppa Idar inn i styrhuset og kjørte bilen opp bakken til Skeidet. Dette nemde Idar ofte ved seinare høve.

Mjølkebilen var også populær blant gutane langs ruta, spesielt for dei på Todalsøra. Da fekk dei seg ein tur rundt bygda eller ut til Ansneset. Gutane hadde lært seg numra på spanna til kvar enkelt gard, og lempa spann av bilen til rett mottakar slik at sjåføren berre kunne sitje i styrhuset. Dette var nok ikkje etter dagens regelbok for sikkerhet, men eg kan ikkje hugse noko uhell på ope lasteplan.

Først på 1970-talet kom det mjølketankar i bruk på gardane. Dermed var ein epoke på nesten 30 år med kjøring av mjølkespann med lastebil over.


Eier/kildeKristoffer Nordvik
Linket tilKristoffers. Nordvik Harald

» Vis alle     «Forrige «1 ... 17 18 19 20 21 22 23 24 25 ... 35» Neste»     » Lysbildefremvisning