Historier

» Vis alle     «Forrige «1 ... 63 64 65 66 67 68 69 70 71 Neste»     » Lysbildefremvisning

Todalinger på tur med dampen til Silset-rennet i 1918



Fra boka Skirenn og broktak : frå idrettslivet på Nordmøre i gamle dager, skrevet av Leif Halse

I dei åra kom dampen innpå Todalsøra to gonger i veka, tirsdag og fredag kveld, med retur dagen etter. Vi sto opp i 2-tida om natta, og 9 rennarar som skulle til Silsetrennet måtte gå strandavegen til Svinvik da isen hadde lagt seg på fjorden og dampen stoppa ved Svinvik-kaia. 

Det vart ein lang dag med «Nordmøre» utover fjordane. Som vanleg var kleiv todalingane av på Kvanne og gjekk utover til Stangvik medan «Nordmøre» tok turen til stoppestadane på andre sida av fjorden (Røkkum, Ålvundfjord og Meisingset). 

I kveldinga kom dampen til Kristiansund, og vi tok inn på Misjonshotellet der vi fekk eit stort rom med mange senger. 

Søndag morgon gjekk det dampbåt innover mot Batnfjorden og Silset, og der bar det til fjells, til Silsethytta og hoppbakken ved Silsetvatnet. Det gikk ikkje så bra i hopprennet, men Ingvald Bruset vann guteklassen og Ola Bruset vann premie i klasse A. Somme var for dryge på lengdene og datt. 
Så bar det tilbake med dampen til Kristiansund og Misjonshotellet, i sekkane var der det enno heimebaka kak med morr til å mette langvegsfarande. 

Mandagen gjekk det ikkje damp så vi bruka dagen til å bli kjent i byen. Tirdag morgon bar det avstad mot Todalen, og todalingane sto og såg på landskapet som strauk forbi – nakne fiskeberg og små holmar med småvoksen furuskog. «Det er tufse med skogja her var det ein som sa – det er knapt såpass at trasten får bygg seg reir»!

Det vart ein lang dag som vanleg innover - - seks gonger såg dei Stangvik-kyrkja inni fjorden før dei var ferdig med nonsøkta. (Dampen var innom Halsa, Kanestraum, Bøfjorden, Torjulvågen, Årnes, Torvik, Meisingset, Ålvundfjorden, Røkkum, Stangvik, Kvanne, Nordvik).  I Todalsfjorden låg sjøisen like sterk som før. Utanfor Ansneset ropa kapteinen at no greide han ikkje å koma lenger, og i skyminga hoppa gutane ned på sjøisen. Der stod ein heil skokk med folk og tok imot oss, dei ville høre korleis det hadde gått med hoppinga. Det nytta ikkje for oss ut på der var det ein som fortalte, «bakken var for støtt, vi hoppa helt nedpå vatnet vi!»

Bilde av dei som var med på turen:

 

Linket tilLeif Thorvald Kristians. Halse

» Vis alle     «Forrige «1 ... 63 64 65 66 67 68 69 70 71 Neste»     » Lysbildefremvisning