Historier

» Vis alle     «Forrige «1 ... 3 4 5 6 7 8 9 10 11 ... 35» Neste»     » Lysbildefremvisning

Første «store» fotballkampen på Bordholmen i Todalen i 1913



Fra boka Skirenn og broktak : frå idrettslivet på Nord, i gamle dager, skrevet av Leif Halse

Det var Nils Husby (Oddøya), som hadde flytta til Kristiansund, som fekk i stand ein helgatur til Todalen med det nystarta Kristiansundslaget, KFK. Han var med å starte dette laget. 

Byfolket kom til Todalen med eigen båt, og først på programmet sto fotballkamp.

Birger Todalshaug var kaptein på todalslaget og spela senter, Johan O. Halle var y.v og Ola G. Kvendset (Viastua) var i.v. På andre sida spela Peder og Knut Kvendset. Halfrekka var Anders M. Husby , Edvard Ørsal og Jon Ness. Backar var Lars Ness og Kristian Hallset, og Trygve Halle passa målet. 

Nils Husby (Oddøy) var kaptein på KFK-laget, og var vel ein av dei beste på banen. Bykarane var kledde i lette drakter med brøker som rokk dei midt nedpå låra, og på føtene hadde dei fotballsko med knottar under. Todalingane hadde ikkje slikt utstyr. Dei tok av seg utapå-trøyene og gjekk på banen kledde i langbrok og brystduk og vanlege lågsko.

Om kampen er å seie at KFK dominerte første halvleiken og fekk 3 mål, men i andre halvleiken fekk todalingane naturkreftene på si side med di at KFK måtte spele i motvind og hadde sola i mot seg. I denne omgangen fekk todalingane 2 mål og det var i.v. og y.h. som scora med god hjelp av vind og sol. 

Bykarane vart meir og meir høgmælte og ropa at forsvaret måtte ta seg av dei karane ute på venstresida. Todalingane hadde ikkje mykje greie på reglar og slikt, og når ropinga var på det høgste, forsto dei det slik at dei hadde gjort noko ulovleg og stansa opp – så motspelarane fekk tak i ballen. Men da kom han Birger og sa at slikt måtte dei ikkje finne seg i for «dei hadde like stor rett åt balla de som dem».
 
Endskapen vart at KFK vann 5 – 2, eit resultat todalingane kunne vera godt fornøgde med.

Men KFK kunne meir enn å spela fotball. Dei viste fram ei kvitkledd turngruppe med linje-gymnastikk. Dei hadde og bryting på programmet, der dei demonstrerte gresk-romersk bryting.

Men det sto ei tevling att: Tau-draging, der trudde nok bykarane at dei skulle klare seg godt for dei plukka ut karar som var både sterke og tunge i «sessen». Todalingane vann første omgangen, men tapte den andre, men den siste omgangen vann todalingane slik at sigeren gjekk til Todalen.

Bilder av dei som var med på fotballkampen:


Linket tilAnderss. Halset Kristian; Anderss. Todalshaug Birger; Eriks. Husby Nils; Gudmunds. Kvendset Ola; Hallvards. Kvendset Knut; Hallvards. Kvendset Peder; Ivars. Ness Jon; Ivars. Ness Lars; Martinuss. Husby Anders; Ols. Halle Johan; Ols. Halle Trygve; Ols. Ørsal Edvard

» Vis alle     «Forrige «1 ... 3 4 5 6 7 8 9 10 11 ... 35» Neste»     » Lysbildefremvisning