Minnestøtter

» Vis alle     «Forrige «1 ... 6 7 8 9 10     » Lysbildefremvisning

Laster...


Sanitetsmann Ola K. Nordvik skreiv i dagboka si:
Tirsdag 23. apr. – Tirsdag 30. apr. 1940: Har vore ute i eit forferdeleg ragnarok og har ikkje havt tid til å skrive dagbok. Vi gikk over fjellet frå Lavangen til Gratangen natt til onsdag. Besatte stillinger i Gratangen, men vart overrumpla av tyskarane torsdags morgon. Det kom til hektisk kamp, og det var nokre ubeskrivelige timar og dagar. Vi fekk ei kule gjennom huset vi budde i, så fekk vi opp eit røde korsflagg og tyskarane respekterte det. Dr. Koren vart såra, ellers gjekk heile saniteten fri.

Natt til laurdag 27. apr. byrja vi å transportere dei såra. Først drog vi dei ei mils veg på slepebåre, så med ei motorskøyte til Harstad. 65 sårede i alt, deriblant var Halvor Røen som låg bevisstlaus heile tida. Tyskarane hadde sprengt to bruer før oss, men med mykje strev kom vi oss over likevel. Vi kom til Harstad søndags morgon (28. apr.). Der var det fullt av engelske soldatar i gatene og krigsskip på havna. I Harstad var det et stort sykehus og der fekk dei sårede det godt. Mandag bar det innover til Lavangen att med motorskøyte.


Røen_Halvor.JPG

Minnestøtte på Stangvik kyrkjegard.
Han gav sitt liv for fedrelandet i slaget ved Gratangen 25. april 1940


FilnavnRøen_Halvor.JPG
Filstørrelse111.72k
Dimensjoner288 x 523
Linket tilHalvard Nilss. Røen

» Vis alle     «Forrige «1 ... 6 7 8 9 10     » Lysbildefremvisning