| Historie |
- Utklipp fra nettstedet trollheimsporten:
Tenåringen Ole var med på landnotfisket etter sild. – Ja, ei slik ei har eg bruka! seier han spontant under samtalen vår og tek tak i skjømla oppe i robåten på museet. - Eg handterte både denne og sildloddet, og eg hugsar vi tørka not i henga her på Skrøvsetholmen!
Seinare segla han utanriks med Wilhelmsen-båten . Fotografi av denne gav han forresten til sjøbruksmuseet tidlegare i sommar.
Da oljelivet starta i Nordsjøen, var Ole med der, skyt søstera Dordi inn. - Etter ein periode som ved borestrengen på plattformen Dyvi Delta vart han dekkssjef på Gullfaks A, med krevande jobb i krana under skiftande arbeidsforhold.
Ole Kristen Skuggevik er oppteken av at samfunnet lett glømmer kva sjøfarten har betydd for folket vårt. – Vi må ikkje glømme den maritime historia. Difor er det fint at Bøfjorden Historielag har skapt eit miljø med sjøbruksmuseet der ein tek vare på denne kulturen, seier han.
Med dei to flotte bileta av og attåt sin store sjøfartskunnskap har han sjøl gjort mykje for å bevare denne delen av kulturhistoria vår.
https://www.trollheimsporten.no/skuteprat-paa-museet.6247123-137312.html
|