Kristian Pers. Halse

Mann 1926 - 2018  (91 år)


Generasjoner:      Standard    |    Kompakt    |    Vertikalt    |    Bare Tekst    |    Generasjon Format    |    Tabeller    |    PDF

Generasjon: 1

  1. 1.  Kristian Pers. Halse ble født 14 Des 1926 , Li Namdalseid, Nord-Trøndelag; døde 2018, Mosjøen Nordland.

    Andre Hendelser og Egenskaper:

    • Yrke: Lærer

    Notater:

    Historie:
    Bernt Bøe skreiv bl. anna i sitt minneord om Kristian:
    I 1951 tok han eksamen ved lærarskulen på Nesna. Seinare studerte han songpedagogikk og tok mellomfag i norsk og historie.

    Han slo seg ned i Mosjøen. I 1951 vart han lærar ved Vefsn Folkehøgskule og var frå 1960 til 1991 adjunkt ved den vidaregåande skulen der.

    I perioden 1969-73 var Kristian Halse varaprepresentant for Venstre på Stortinget. Året 1973 hadde han fast plass (som vara for forsvarsminister Johan Kleppe) og var da medlem av landbrukskomiteen.

    Kulturarbeid og lokalhistorie har engasjert han heile livet. Han har skrive bøker om komponisten David Monrad Johansen, Vefsn Venstre, Mosjøen Idrettslag, Vefsn Folkehøgskule, Olderskog skule, Mosjøen Orkesterforening og Mosjøen Mannskor. (Dette koret var han også dirigent for.)

    I 2008 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull. Ei byste av kulturpersonen Kristian Halse vart avduka i Mosjøen 17. mai 2014.

    Som lyrikar skreiv han diktsamlingane , og . Eg let denne minneartikkelen tone ut med nokre linjer frå diktet :
    Høgt over livet lyser din tind.
    Evig den same i døgnets vind,
    vaker han over din vaneveg.
    Same kva leier lengselen finn,
    fjellet, det følgjer deg i ditt sinn,
    kallar den vandrande opp til seg.
    Og alltid stundar du mot ditt fjell,
    til tinden glør i din siste kveld.