Historier

» Vis alle     «Forrige «1 ... 28 29 30 31 32 33 34 35 36 ... 71» Neste»     » Lysbildefremvisning

Juleverset frå Stangvik.jpg

I over hundre år var verset fast ledd i gudstenesta frå jul til februar. Melodien (opprinneleg frå 1400-talet) vart omforma og utbrodert i tallause folketonevariantar landet rundt – aller mest på Nordmøre.
Kristian Halse (lærar i Todalen) var den første som notefesta denne songen hos oss - da han i 1902 skreiv ned verset etter folket i Nistua på Nordvik «fekk det godkjent av bestefar i huset, Kristoffer Nordvik», som Leif Halse, sønn av Kristian, fortalte meg.


Laster...
Kristian Halse (lærar i Todalen) var den første som notefesta denne songen hos oss - da han i 1902 skreiv ned verset etter folket i Nistua på Nordvik «fekk det godkjent av bestefar i huset, Kristoffer Nordvik», som Leif Halse, sønn av Kristian, fortalte meg.
Organist og folketonesamlar Edvard Bræin noterte seinare mange versjonar. Han arrangerte og fekk trykt «Et lidet Barn så lysteligt» i mange utgåver. Ein av hans melodivariantar er det vi finn i salmeboka. Sopranen Sigrid Vetleseter Bøe syng det ofte i Bræin sitt arrangement – m.a. på årlege julekonsertar i Stangvik. Dertil fleire gonger på nettsending i Tyskland og ved julekonsertar i Sverige, seinast i St. Birgitta kyrka i Stockholm 3 desember i år.

Ein juleskikk

I Todalen Bygdebok skriv Leif Halse om mange juletradisjonar – også om bruken av Julverset i heimane: «Inne i stuehusa bar dei ut spikhylla og tende jul-ljøsa. På bordet la dei kvit langduk og sette fram ljøs. Og bordljøset skulle brenne heile julnatta. Så vart maten boren på bordet, og rein-vaska og nykledde sette folket seg innåt. Etter maten song dei det gamle julverset.»

Lærar Lars Røslie skreiv dette om korleis kyrkjesongaren i Stangvik forma verset: «Gammelklokkaren i Stangvik, Christen Bruseth, opprinneleg frå Todalen, hadde ein vakker songstemme og var svært musikalsk. Når han song juleverset med kyrkja juledagen, la han stor følelse i det og føydde mange «krusedullar» til melodien. Rundt i heimane tok dei etter beste evne etter klokkaren.»

Tradisjonen inn i vår tid

Nordmøre har teke godt vare på denne kulturperla – mest ved å bruke Bræin sine arrrangement i kor og soloframføringar. Men i dag er det vel berre Karen Oddny Husby Gravvold som ber vidare den opprinnelege bruksmåten i levande tradisjon. Ho syng Julverset på «gammelmåten» inn i vårt nye tusenår.

Karen Oddny har nemleg tonen med seg frå heimegarden Åsbø og brukar den slik generasjonane der har gjort det. Heldigvis har ho også sunge verset inn på CD («Til eit lite barn» frå 2001).

Ho har fleire gonger framført dette som «høgtidsvers» ved julegudstenester – oftast i Stangvik. Juledagen i år gjorde ho det i Øye kyrkje – til spontan applaus.

Det må vera eit bevis på livskrafta i denne tradisjonssongen. Måtte nye slekter bera arven vidare!

Bernt Bøe

https://www.trollheimsporten.no/gudstjeneste-surnadalsnytt/julverset-levande-tradisjon/267724

Sjå Youtube:
https://www.youtube.com/watch?v=Tgoh26vgEpc

https://www.youtube.com/watch?v=a4Xe2lHT_0k&list=RDa4Xe2lHT_0k&start_radio=1







Eier av original/KildeBernt Bøe/Trollheimsporten.no
FilnavnJuleverset frå Stangvik.jpg
Filstørrelse373.49k
Dimensjoner1890 x 1213
Linket tilKristoffer Anderss. Bruset; Christen Hallvards. Brusethaug; Ola Kristoffers. Nordvik; Kristian Larss. Halse

» Vis alle     «Forrige «1 ... 28 29 30 31 32 33 34 35 36 ... 71» Neste»     » Lysbildefremvisning