Historier

» Vis alle     «Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 ... 35» Neste»     » Lysbildefremvisning

Dagbok fra krigen i Nord-Norge i 1940

På nøytralitetsvakt i Finnmark.
Fra kampene i Gratangen og i Vassdalen ved Bjerkvik

Utdrag av dagboksnotater skrevet av Ola K. Nordvik f. 1916, sanitetsmann Trønderbataljonen.

4. jan. 1940: På veg til Trondheim måtte vi snu i Surnadal på grunn av at vegen var stengt av store mengder snø. Måtte reise om Kristiansund. Hurtigruta måtte vente på oss i 1,5 time.

5. jan. 1940: Ble innlosjert i gymnastikksalen på Ila skule i Trondheim og fekk etter mykje venting utlevert klær og utstyr.

11. jan. 1940: Bataljonen vart lasta om bord i to skip, DS «Jupiter» og DS «Leda». Turen nordover til Vadsø tok ca. 4 døgn. Vi var framme i Vadsø kl. halv to på natta 15. jan. Mange vart sjøsjuke, men eg klarte meg bra.

DS «Jupiter»: https://no.wikipedia.org/wiki/DS_%C2%ABJupiter%C2%BB

DS «Leda»: https://digitaltmuseum.no/021026853250/modell

15. jan. 1940: Bataljonen vart spredt rundt om kring i byen. Vi i saniteten var svært heldige, vi fikk heile huset til dampskipsekspeditør Evanger til rådighet. I dette huset var vi 12 mann, jeg delte rom med Erik Bruset og Sivert Gyl fra Torvikbukt. Resten av saniteten fekk plass i nabohuset. Det var til sammen 26 mann i saniteten.

16. jan. – 21. febr. 1940: Dagane gjekk med til ymse aktiviteter med skiturar og bataljonsøvelser.  Den 23. jan. fekk eg utbetalt lønn på 19 kr. Det er kr. 1,50 pr. dag. Eg arbeidet på sjukestua med stell av dei sjuke, måling av feber og fyring i omnen. Mange fekk influensa med feber og nokre vart sykmeldte og lagt på sjukestue.

22. febr. 1940:  I dag reiste siste sanitetstroppen til Neiden. Vi på sjukestua skal vera her enda ei stund. Bere 11 mann igjen på sjukestua no.

1. mar. 1940: Eg og Kåre Kvam vart uttatt til å reisa til Kirkenes. Vi reiste med drosje sammen med majoren og legen. Vi skulle vera sjukevoktarar på sjukehuset i Kirkenes.

2. mar. 1940: Var en tur i byen i dag, gikk til frisøren og klipte meg. Betalte 1 krone. Fekk brev frå mor, med 5 kroner frå bestemor.

3. mar. – 13. mar. 1940: Mykje å gjera på sjukestua med vasking og stell, ellers fint. Tre flygemaskiner har sveva over byen og det har vært svært strengt med mørklegging og blendingspapir. Ingen har fått permisjon. Fekk bestilling på nye 170 bilder som eg har teke, mest av «Jupiter» og «Leda». Det er snart 500 kopiar av dem no. Fekk lønning pr. postanvisning kr. 15.

14. – 15. mar. 1940: Fekk inn en sinnsyk pasient i dag. Det er fleire som skal ha vorte sinnsyk her oppe. Har hørt at to stykker har blitt slått ihel av hestar også. Det er blitt litt lettare stemning her oppe etter at det vart enighet mellom Russland og Finland. Pakten vart underskrive 13. mars. Skal tru om vi får reisa heim snart?

21. mar. 1940: Skjærtorsdag. 24-årsdagen min. Var til kyrkja på formiddagen. Hadde gebursdagslag på værelset til søster Therese, dokteren og heile personalet var med.

9. apr. 1940: Tirsdag. Ein sers beveget dag. Tyskarane har inntatt mange norske byar. Vi vart som lamslegne, fekk mest ikkje til å ta oss til med noko. Har sitte mest attmed radioen. Det er litt ljosare stemning likevel i kveld enn i morges.

10. apr. 1940: Stor spaning frå time til time. Enda i kveld er ingen ting skjedd her i Kirkenes. Er forberedt på ordre om å trekke oss tilbake. Har nedpakka alle sakene våre. Ellers sit vi mest og lytter til dei fryktelege nyhetene. Noske soldatar gjer tapper motstand på Østlandet. Mange tyske skip er søkkt. England var snar til å hjelpe.

11 apr. 1940: Har vore ei uroleg natt. Vi låg med klær og sko på oss. Det har vore varsla om krigsskip ute i fjorden. I kveld var det flyalarm for første gong, det var i 9-tida. Lyset vart teke med ein gong. Ingen fly kom. Etter ein times tid gikk signalet «faren over».

13. apr. 1940: Det vart meldt at Narvik er i norske hender i kveld.

15. apr. 1940: I dag reiste 1. feltbataljon, så nær som 2.kp. og vi sykepassarane. Det var «Dr Maud» og «Kong Håkon» og «Hestmanden» som gjekk. Tre engelske krigsskip skulle fylgje dei. Dei skulle sørover, men ingen visste kor.

18. apr. 1940: Vart vekt klokka 2 på natta, fekk ordre om å halde alt klart til å reise. Gjekk om bord klokka halv åtte. Gjekk Inn til Vadsø for hente nokre, så tilbake til Kirkenes. Venta der på DS «Ariadne». Gjekk derifrå med DS «Prins Olav» kl. 18 på veg sørover.

DS «Ariadne»: https://no.wikipedia.org/wiki/DS_%C2%ABAriadne%C2%BB

DS «Prins Olav»: https://no.wikipedia.org/wiki/DS_%C2%ABPrins_Olav%C2%BB

20. apr. 1940: Da vi vakna i 6-tida om morgonen held vi på å koma inn mot land. Det viste seg å vera i Salangen. Da vi lossa høyrde vi duren av fly, men det gikk forbi oss. Vi fikk slengt oss opp i ein bil og vart kjørt til Lavangen, der dei andre var. Tyskarane ligg berre 1 mil borte fekk vi høyre.

22. apr. 1940: Opp kl. 06, frokost kl. 07. Pakka ryggsekken og sovepose og tok ut på skitur oppå fjellet der fleire av kompania låg i stilling. Hører at dei har varsla folket i Narvik om å reise for engelskmennene skal bombardere byen.

Tirsdag 23. apr. – Tirsdag 30. apr. 1940: Har vore ute i eit forferdeleg ragnarok og har ikkje havt tid til å skrive dagbok. Vi gikk over fjellet frå Lavangen til Gratangen natt til onsdag. Besatte stillinger i Gratangen, men vart overrumpla av tyskarane torsdags morgon. Det kom til hektisk kamp, og det var nokre ubeskrivelige timar og dagar. Vi fekk ei kule gjennom huset vi budde i, så fekk vi opp eit røde korsflagg og tyskarane respekterte det. Dr. Koren vart såra, ellers gjekk heile saniteten fri.

Natt til laurdag 27. apr. byrja vi å transportere dei såra. Først drog vi dei ei mils veg på slepebåre, så med ei motorskøyte til Harstad. 65 sårede i alt, deriblant var Halvor Røen som låg bevisstlaus heile tida. Tyskarane hadde sprengt to bruer før oss, men med mykje strev kom vi oss over likevel. Vi kom til Harstad søndags morgon (28. apr.). Der var det fullt av engelske soldatar i gatene og krigsskip på havna. I Harstad var det et stort sykehus og der fekk dei sårede det godt. Mandag bar det innover til Lavangen att med motorskøyte.

Onsdag 1. mai – Tirsdag 7. mai 1940: Ligg og skriv i ei snøfonn no. Har ligge her i 3 netter. Vi er i fjellet ca. 3 mil nord for Narvik. Første natta var det kaldt, men no har vi fått meir klær med oss, og så har vi tjukt lag med kvist under oss. Vi kan ikkje slå opp telt for da vil flya sjå oss. Dei kastar bomber rundt ikring oss kvar dag, og skyt med mitraljøse. Vi ligg et godt stykke attom dei fremste linjene no. Tyskarane trekkjer seg meir og meir tilbake her, men vi hører berre dårlege nyheter sørfrå. Vi lengtar heim no, og lengtar etter fred. Krig er ein langt uhyggelegare ting enn ein kunne ane før ein kjem borti det. Det ser ut til at dei er lite treffsikker med bombene. Dei gjer liten skade, men er svært skræmande. Det er helst Trenet dei er ute etter.

Onsdag 8. mai – Laurdag 11. mai 1940: Har no flytta ei halv mil lenger fram. Ligg framleis i ei snøhole. Vi er fem mann i snøhola. Det har vore nokså fuktig her i hola, men når det er solskinn er vi ute og tørkar. Vi utretter omtrent ingenting, ligg her i reserve.

Søndag 12. mai – Laurdag 18. mai 1940: (1. pinsedag) Det har vore ei underleg pinsehelg. Har flytta frå snøhola, over fjellet og bur no under ein stor steinheller, og her har vi det utmerket. Det er mindre med bombefly no for det er kome ein del engelske jagarfly. Tyskarane rømmer unna i vill flukt for dei spring i frå alt mulig. Etter mest 14 dagar opphold i fjellet kom vi i går ned i bygda ved Hartvigvatnet i Vassdalen like ved Bjerkvik. Vi ligg et stykke ovanfor gardane, for dei tør ikkje legge oss i hus for flya. Vi fekk kjøpt mjølk på ein gard og det smaka vidunderleg.

Tyskarane feira den 17. mai med et voldsomt luftbombardemang av dei franske stillingane på fjellet her og på Elvegårdsmoen. To fly vart skutt ned, to hus vart skutt i brann. Ca. 15 fly deltok. Ellers var det mykje mitraljøseskyting oppi liene.

18. mai – 25. mai 1940: Vi ligg framleis i Vassdalen i Herjangen nord for Narvik. Har flytta teltplass to -tre gonger. Vår bataljon skal visst ligge i ro her ei stund. Tyskarane er drivne langt innover fjella. Men det gikk ikkje riktig godt i førstninga for det var mykje misforståingar mellom våre avdelinger. Kulene byrja å suse ikring oss ei tid, så vi måtte snarast mulig koma oss vekk. Ellers er det flya som skremmer oss mest.

26. mai – 6. juni 1940: Ligg framleis i Vassdalen. Rolige og fredelige dagar. Det nærmer seg visst avslutninga her i Narvikområdet. Men tyskarane trekkjer seg nordover på Helgeland. Tyske fly har ødelagt Bodø. Narvik er gjenerobra av oss. Fekk 15 kroner i lønn for 1. til 10. mai.

Den 7. juni hørte vi rykter om at noko sers var i gjære. 8. juni blei rykta bekrefta, dei allierte styrkane hadde drege ut av landet, og at også vi skulle trekke oss tilbake for etter kvart å demobilisere.

Tidleg søndag morgon 9. juni drog vi avgarde gjennom Grasdalen over fjellet til Veilund ved Lapphaugen. Frå Veilund kjørte vi i bil til Foldvik, og for da gjennom Gratangen. Det var rart å komme tilbake til dette uhyggelige stedet der vi hadde gjennomgått så mykje. I Foldvik leverte vi inn dei militære saker som vi kunne unnvære. Så bar det ut fjorden i fiskeskjøyte til Hamnvik. Her ligg båtane «Kong Håkon» og «Erling Jarl» ferdig til etter nærmere ordre å frakte oss sørover.

Så sitt eg altså her oppå ein haug ovanfor kaia og skriv. Riktig ein fin plass med vakker bjørkeskog omkring. Nett no kjem det ein motorkutter forbi med det norske flagget heilt til topps. Ja tenk enda vaier det norske flagget, men kor lenge? Hører at kongen og regjeringa er reist ut av landet og komme velberga til England. Og tenk så har vi sjanse til å koma heim snart.

Les mer om krigen her: http://nordvikslekt.no/litt%20krigshistorie/index.html



Linket tilKristoffers. Nordvik Ola; Nilss. Røen Halvard; Olauss. Nordvik Hallvard; Peders. Bøe Gunnar

» Vis alle     «Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 ... 35» Neste»     » Lysbildefremvisning