Bård Audens. Aarnes
«Forrige 1 2 » Lysbildefremvisning
Kråknes-vorpa.png
Krognes laksevorpe på Kråkneset i Valsøyfjord
På 1720-talet var det omkring 40 laksevorper rundt om på
Nordmøre. Men frå 1840-talet tok kilenota over, og konkurrerte etter kvart ut
vorpene.
Kråknes laksevorpe i Valsøyfjord er truleg den vorpa som
har lengst historie i Norge. Ho går tilbake til 1400-talet. Den var rekna som
den beste på laksevorpa Nordmøre
At denne vorpa var
verdifull, gir dei mange rettssakene om eiendomsretten dokumentasjon om.
Hans Hyldbakk nemner at bøndene i Austigard på Årnes og i
Oppistua på Nordvik åtte en halvpart av Krognes laksevorpe. Iver Larss. I Oppistua på Nordvik fekk denne parten
i laksevorpa som medgift da han gifta seg med Beret Einarsd. frå Austigard
Årnes. (Anders Mulvik som vart gift med Anne, fra Austigard Årnes, fekk og en part
i medgift. Det samme gjaldt Eistein Settemsdal i Oppigard Settemsdal).
Denne Iver Larss. Nordvik fekk blant anna to sønner, Ola og Lars.
Lars kjøpte gard i Todal i Aure, og Ola vart gift med gardenka i Utistua på
Rognskog i Halsa.
I boka «Gardtales i Valsøyfjord» er det beskrevet noen av
stridighetene om Kråknes-vorpa der nordvikslekt er involvert: Under skiftet
etter Iver Nordvik i Oppistua i 1682 vart det ved loddkasting avgjort at Lars (Todal)
skulle få vorpa til bruk. Søskena fekk utlegg i vorpeparten, 6 rd. til manns (4
brør) og 3 rd. til søstrene (4 søstre). Dette mislikte Ola (Rognskog) og klaga,
derfor gav Lars (Todal) broren få bruka vorpa det kommende året.
I et brev til lagmann Peter Drejer i Trondheim den 8. februar i
1686 skreiv Lars Todal: «På ett eller anna vis hadde Rognskog-ætta skaffa seg
eiendomsrett til halve vorpa. Først Ola, og senere hans ættlinger klønte seg
fast til denne «herligheten» med alle ti fingrene», I brevet sto det at Ola
framleis bruka Kråknes-vorpa uten hans samtykke og mot hans vilje. Lagmannen
svara at Lars hadde retten på si side, men han tykte det var best å sjå tida
an. Lars var barnløs og ved senere skifte ville vorpeparten falle til arvingene
hans, og dermed også til broren Ola på Rognskog og hans arvinger.
Ved overtaking av farsgarden fekk Olas sønn, Ivar Rognskog
eiendoms- og bruksretten til halve Kråknesvorpa. Etter han gikk vorpa videre i
Rognskogslekta i flere generasjoner helt til slutten av 1800-tallet.
Kilder:
«Gardtales i Valsøyfjord» av Anders Todal: https://www.nb.no/nbsok/nb/dbdb977708bd543a3facb836f0c1fd90?index=1#121
Årsskrift (Nordmøre historielag). 1961:
https://www.nb.no/nbsok/nb/ffd531dc86ae463f790f9c77c74f433a?index=1#6
Kroknes laksevorpe av Einar Oterholm:
http://www.bofjorden.net/laksevorpa-dokumentert-kortreist-norsk-historie.6236965.html
http://www.bofjorden.net/laksevorpa-som-bok-og-kaaseri.6236524.html
Sted | Kråknes Valsøyfjord, Halsa |
Breddegrad | 63.1410075 |
Lengdegrad | 8.432183 |
Filnavn | Krognes_Laksevorpe.jpg |
Filstørrelse | 95.61k |
Dimensjoner | 1024 x 627 |
Linket til | Bård Audens. Aarnes; Erik Eisteins. Settemsdal; Kristen Ellings. Mulvik; Lars Ivars. Todal; Lars Ivers. Nordvik; Ola Ivers. Nordvik; Iver Larss. Nordvik; Iver Ols. Rognskog; Anders Steinars. Mulvik |
«Forrige 1 2 » Lysbildefremvisning