Historier

» Vis alle     «Forrige «1 ... 36 37 38 39 40 41 42 43 44 ... 71» Neste»     » Lysbildefremvisning

Mannbjørnen_Minnestøtte.jpg

Bjønnastøtta på Hauaskaret

Laster...

Historier om «Mannbjørnen»

I slektsbøkene til Hans Hyldbakk kan en finne dramatiske historier blant anna om “Mannbjørnen”

# Ei jente på Dragset i Bøfjorden (Gudmundsd.) vart drepen av “Mannbjørnen” 13. mai i 1775 Segna fortel at jenta gjikk og batt da udyret kom over henne. På bundingsgarnet kunne dei sjå at ho hadde sprunge rundt irking et einerkjerr tri gonger før bjørnen tok henne.

# Knut Trodal bygsla Trodalen i 1769. Han vart drepen av "Mannbjørnen". Denne triste hendinga gjekk føre seg ein kveld i juni I 1775. Børnen kom og ville bryte seg inn i fjøset, og Knut som ville berge krøtera sine, greip i all hast tak i en kornstaur og dreiv bjørnen bort frå fjøset. Men truleg hadde han vorte pågåande og stukke bjørnen med kvassaste enden av stauren, for bjørnen snudde brått og slo mannen i hel. Dotra på garden, Ane høyrde far sin ropa, og la til ut og fekk sjå udyret med far sin i klørne i ferd med å dra han bort. Ho greip i villske ei øks og sprang etter bjørnen og hogg han med øksa så han slepte faren og drog seg unna. Dette er ikkje berre ei segn, men står utførleg omtala i ein rapport som kaptein J.M. Meldal på Kvenna sende amtmannen om alle dei folka bjønnen hadde skadd eller drepe dette året.

# Gjertrud Henden vart drepen av en "mannbjørn" slik som andre folk i distriktet. (fra “Gardtales i Valsøyfjord”)

Enda ei jente vart drepen av “Mannbjørnen” ved Kallset i Bøfjorden i 1776. Det er ukjent hvem dette var.

# Tølløv Peders. Folldal er den vidgjetne "Skyttar-Tølløv". Om han er det mange segner, og sikkert er det at han var den frakkaste bjønnaskyttaren som nokon sinne har levd på Nordmøre. Han skal ha drept 103 bjørnar og 11 ulvar.

Mest kjent er det at Tølløv skaut "mannbjørnen" i Åsskard i 1776, som hadde drepe fleire menneske i Åsskard og Halsa. Til takk og minne om denne dåden har folket reist ein ruvande minnestein på Hauaskaret på grensa mellom Halsa og Åsskard. 

Dette er ikkje berre ei segn, men står utførleg omtala i ein rapport som kaptein J.M. Meldal på Kvenna sende amtmannen om alle dei folka bjønnen hadde skadd eller drepe dette året

Les mer om dette dramaet på NRK.no

https://www.nrk.no/mr/xl/mannbjornen_-er-historien-om-drapsbjornen-pa-more-sann_-1.14584096

Eller i “Kring ein fjord” av Bernt Bøe:

https://www.nb.no/nbsok/nb/1dbe0ad4c0a698e1c8af107372fe12ca?index=1#11




FilnavnMannbjørnen_Minnestøtte.jpg
Filstørrelse310.21k
Dimensjoner689 x 730
Linket tilGudmundsd. Dragset; Gjertrud Larsd. Henden; Knut Ols. (Trodal); Tølløv Peders. Folldal

» Vis alle     «Forrige «1 ... 36 37 38 39 40 41 42 43 44 ... 71» Neste»     » Lysbildefremvisning